To viktige steinalderbuplassar

Stølen på Longva

Her er steinalderlokaliteten på Stølen avmerka med ein liten svart sirkel. (Foto: Svein Skare)

På garden Stølen på Longva ligg ein av dei to klassiske steinalderbuplassane på Nordøyane. Den andre er Dysvika på Fjørtofta. Lokaliteten på Stølen vart funnen amatørarkeologen Atle Longva i ein liknande samanheng som Dysvika. Atle Longva fortel at han var kjent med funnet av Dysvikabuplassen i 1972 og korleis denne vart oppdaga. Lokaliteten på Stølen fann han i 1979 ved å studere profilen i ei grøft gardbrukaren Inge Longva hadde laga for å legge om løpet til Sandgotelva, også kjent som Kvernhuselva. Denne grøfta gjekk gjennom den tilsvarande strandvollen som den Petter Dyrkorn i si tid undersøkte på Fjørtofta då han fann Dysvikabuplassen.

Atle Longva. Her saman med arkeologen Ida Dyrkorn Heierland på Stølen i 2005

Steinalderbuplassen på Stølen vart utgraven i 1980 under leiing av arkeologen Hein-Bjartmann Bjerck. Dei som då deltok i utgravinga var, forutan Hein Bjartmann Berck, Lisa Bostwick Bjerck, Atle Longva, Petter Dyrkorn og Bjørg Gjeseth. Også her var buplasslaget dekt av strandmassar og til dels omrota av havet. Denne plassen ligg litt høgare i terrenget og er noko yngre enn den ved Dysvika. Lagdelinga på Stølen er meir kompleks enn på Dysvika. Dei kulturlaga som vart utgravne ligg øvst innleira i sjølve strandmassane. Djupt nede i massane under strandvollen ligg det eit kulturlag som ikkje vart undersøkt. Også dette laget inneheldt flintavslag og eit stort av lag av diabas-gabbroaktig bergart med skarpe kantar. Det vart også funne skal av hasselnøter, brente beinrestar samt bein av aure og mellomstore pattedyr. Elles fann arkeologane mange flintreiskap, mellom anna dei typiske tverrpilene frå denne perioden og fragment av slipeplater.

Funn frå buplassen Stølen på Longva

Atle Longva, som har god kunnskap om naturtilhøva i området, bidrar i graverapporten med viktige innspel til å forstå korleis landskapet kan ha blitt brukt til fiske og jakt. Ved osen til Kvernhuselva kunne steinalderfolket ha fiska aure. I fjorden var det kobbe, og vi må rekne med at det fanst hjort på øyane også den gongen. Eit rikt fugleliv kunne gitt grunnlag for eggsanking og fuglefangst.

Eit svært viktig kulturminne
Stølen er – tilliks med Dysvika – eit svært viktig kulturminne frå norsk steinalder som har gitt tilfang til ein fyldig graverapport frå 1980 og to seinare velkjente publikasjonar av arkeologen Hein-Bjartmann Bjerck. Den eine er ein publikasjon frå 1982 med datering av toppen på strandvollen på lokaliteten, ein ofte referert publikasjon i steinalderlitteratur. Så er det ikkje minst artikkelen frå 1986 om Fosna-Nøstvetproblemet der dette blir gjennomgått og oppklart i detalj med bakgrunn i mellom andre lokalitetane på Dysvika og Stølen. Artikkelen kjem fram til same konklusjon som Hans Kaldhol gjorde i 1925: På ytre delar av Nordvestlandet ligg mange steinalderbuplassar nedgravde under gamle strandmassar. Dette har skapt eit inntrykk av at der er manglande mellomlekkar mellom den eldste og yngre steinalderen. Både på Dysvika og Stølen ligg det att delar av buplassane som ikkje vart utgravne. Det kan ev gjerast ved seinare høve og då av arkeologar som disponerer betre utgravings- og analysemetodar ein dei ein hadde til rådvelde i 1973 og 1980.

Dysvika på Fjørtofta

Ein dag i 1972 gjekk amatørarkeologen Petter Dyrkorn langs kantane i ein dreneringskanal som gardbrukaren Jon Davik hadde grave gjennom den gamle strandvollen ovanfor Dysvika på søraustsida av Fjørtofta. Han fann straks eit svart, feitt jordlag som var dekt av rullestein og grus kasta opp av havet for 7000 år sidan. Han såg til si store undring at det faktisk var eit kulturlag, eit jordlag med restar etter menneskeleg aktivitet i. Han pirka i den svarte kulturjorda med ei graveskei og fann straks nokre tilhogne flintefliser og brende hasselnøtskal. Ingen tvil: Her var ein av dei overfløymde buplassane han hadde spekulert på om han kunne finne.
Utgraving av Dysvika-buplassen tok til med ei prøvegraving hausten 1972. Då kom det fram 1550 gjenstandar som hadde vore brukte eller tillaga av menneske. Våren 1973 vart buplassen utgraven av ei tverrfagleg forskargruppe. Resultata var epokegjerande. Dette var den første overfløymde steinalderbuplassen som var funnen intakt og utgraven med slik brei fagleg ekspertise. Datering med 14C-metoden viste at plassen var teken i bruk så tidleg som for rundt 8000 år sidan og altså overfløymt av havet og pakka ned under ein tjukk voll av grus og rullestein heilt til gardbrukaren på Davik grov kanalen sin gjennom han.

Frå utgraving på Dysvika. Den svarte stripa nedst i biletet
er buplasslaget(Foto: Petter Dyrkorn )

På Dysvika fann arkeologane flak av bjørkenever som låg på bakken. Dette kan ha vore delar av eit hyttegolv. Det kom også fram eldstader, flintreiskap, økseliknande reiskap av gabbro og små knollar med råflint som brukarane av plassen må ha funne i fjøra like nedanfor. Havet var jo på veg oppover etter å ha stige opp frå eit nivå om lag seks meter lågare enn i dag. Årsaka til dette var den kraftige avsmeltinga av innlandsisane. Dette var eit globalt fenomen som følgje av klimaendringar. Denne spesielle havstiginga har kvartærgeologane kalla Tapes-transgresjonen etter namnet på ein musling som levde i havet på den tida. Havet heldt fram med å stige i hundrevis av år heilt til det fløymde over alt som minte om restar etter menneskeleg busetnad i Dysvika.

Det var også skal av hasselnøter på plassen. Det viser at plassen har vore i bruk etter at hasselen kom til Mørekysten. Hasselen spreidde seg svært fort langs kysten, og dei som studerer innvandring av plantar trur at menneska kan ha bidratt til spreiinga i og med at dei tok med seg nøter på vandringane sine langs kysten. Det unike med plassen var jo nettopp det at han var dekt av strandvollen og hadde ikkje vore tilgjengeleg på rundt 8000 år. Her kom Petter Dyrkorn, saman med fagarkeologar, kvartærgeologar og paleobotanikarar inn og fekk brått innblikk i restane etter eit heilt anna samfunn. Dei fekk sjå eldstadene til steinalderfolka slik dei var når dei reiste frå dei siste gongen dei var der og reiskapa dei hadde etterlate seg. Arkeologane blei tilskodarar til noko som har foregått i Dysvika som dei kunne ha litt idear om korleis det hadde arta seg , men som vi eigentleg veit veldig lite om. Ut frå materialet frå funnplassen ser det ut til at plassen har vore brukt i ein kortare periode, kanskje som ein fangststasjon.

Dysvika var den første overfløymde steinalderbuplassen i Noreg som var funnen intakt og utgraven med brei, fagleg ekspertise Ved utgravinga vart det teikna ein nøyaktig profil av dei ulike jordlaga på plassen. Denne profilen var svært interessant, ikkje berre for arkeologane, men også for kvartærgeologane (Sjå profilteikninga nedanfor).

Profil gjennom Dysvikabuplassen. Sandlaget mellom dei to humuslaga er avsett av Storegga-tsunamien etter at buplassen var fråflytta.

I botnen ser vi eit tjukt lag med sand. Oppå dette laget ligg det eit lag som er farga gult på biletet. Det er kulturlaget frå buplassen. I dette laget fann Petter Dyrkorn små flintreiskap og brente hasselnøter då han oppdaga buplassen. Sidan laget er etter måten tynt, så tyder det på at plassen ikkje har vore lenge i bruk. Over kulturlaget ligg det eit lag med humus; det viser at plassen vart tilgrodd etter fråflyttinga og allereie då eit stykke på veg verna mot utvasking av det stigande havet. Så kjem det eit 10 cm tjukt sandlag som igjen er tilgrodd med eit humuslag før havet til slutt kom og la opp ein nesten metertjukk strandvoll på toppen. Over strandmassane har det seinare danna seg myrtorv. Men no attende til det 10 cm tjukke sandlaget over det første humuslaget. Petter Dyrkorn og dei andre som deltok i utgravinga trudde at denne sanden var flygesand. Seinare, seint på 1980-talet, vart det klart at denne sanden ikkje var flygesand, men stamma frå Storegga-tsunamien. Denne vart utløyst av eit stort undersjøisk ras datert til 7200 år før notid. Det same sandlaget vart funne fleire stader på nordsida av Fjørtoft og på Harøy av kvartærgeologen Stein Bondevik i 1996. Det enorme raset, som breidde seg ut over ei flate på botnen av Norskehavet like stor som Danmark, vart truleg utløyst av jordskjelv eller i kombinasjon med utblåsing av metanhydrat som finst i store mengder nede i lausmassane på kontinentalsokkelen. Metanhydratet kan ha blitt ustabilt i samband med klimaendring med kraftig oppvarming i den aktuelle perioden.

Skissa Petter Dyrkorn sende til Bergens museum i den første rapporten sin om Dysvika i 1972. Han trudde først at tsunamisanden var flygesand.

Korleis levde dei i Dysvika?
Dysvikfolket var jegarar og fangstfolk. Etter isavsmeltinga vart klimaet fort varmare, og i perioden frå ca 8000 før notid og oppover var det svært gode vilkår for menneskeleg busetnad på Nordøyane. Dei samla sikkert også muslingar og andre skaldyr. Av plantekost veit vi at dei åt hasselnøter. Etter kvart som klimaet vart varmare og ressurstilgangen betre, ann dei seg kan hende nokre faste tilhaldsstader som dei brukte som utgangspunkt for kortare ekspedisjonar til fots og med båt. Ei slik fastare busetting verka også inn på folketalet og samfunnsforma. Dei kunne fø opp fleire born og halde liv i fleire gamle. Dei gamle sat jo inne med røyynsle og gode kunnskapar om fangst- og fiskeplassar. Truleg kunne dei også gje gode råd om det kom uventa naturkatastrofar som orkanar, kuldeperiodar om vinteren eller rett og slett svikt i jakt og fiske.

Ein av eldstadene på Dysvika

Storegga-tsunamien, som rett nok kom ei tid etter at plassen var fråflytta, var truleg ein katastrofe av ufattelege dimensjonar for menneskesamfunn som heldt til på Mørekysten på den tida. Hendinga må ha brent seg inn i både einskildmenneske og samfunn og har sikkert også festa seg i mytar, forteljingar og ikkje minst rituelle aktivitetar for forhindre at noko slikt skulle skje på nytt. Diverre har desse forteljingane gått tapt for oss. Men vi kan studere mytane og forteljingane til andre, liknande steinalderkulturar, som til dømes mytane til dei gamle kystkulturane ved Kapp Horn ved sørspissen av Sør-Amerika. Dei let etter seg mytar om både overfløyming og nedising av av landskapet.

Dysvika og Stølen – ressursar for notida
Stølen og Dysvika er begge materielle manifestasjonar av menneskesamfunn som har hatt kysten og sjøen som leveveg. Det har handla om fiske og fangst og einfelt jordbruk – ei produksjonsform som på ulike teknologiske nivå har gått føre seg gjennom tusenvis av år. Etter kvart kom industrien, også mykje av den knytt til det maritime. Så kan vi til slutt spørje: Kan kunnskapen om dei tidlege fasane i ein av verdas eldste samanhengande kystkulturar vere til inspirasjon for korleis vi i dag tek hand om og forvaltar landskap og ressursar til beste for oss sjølve og dei som kjem etter oss? Kan hende er det i eit slikt perspektiv at arkeologien og kunnskapen om steinalderen og landskapsutviklinga verkeleg blir sett på prøve som relevant. Kulturminne handlar om å ta kunnskapen om det gamle inn i notida, til gode føremål i vår eiga tid og i framtida.