Nordøyane har spennande berggrunn

Nordøyane og den vestlege gneisregionen
Fjørtoft and dei andre Nordøyane har i årevis vore kjende som eit område med svært interessant berggrunn. Geologar – både profesjonelle og amatørar – frå mange ulike land har vore på besøk her. Berggrunnen på øyane høyrer til den såkalla vestlege gneisregionen i Noreg. Dette er eit område som er om lag 300 km langt og 150 km breitt. Gneis er ei metamorf (omdanna) bergart, og den vestlege gneisregionen er kjent for merkelege bergstrukturar og bergarter forma under høg temperatur og høgt trykk langt nede i jordskorpa. Ja, somme av bergartene i område er danna heilt nede i dei øvre laga av jordmantelen.

Mikrodiamantar
I 1993 vart det funne mikrodiamantar i gneis på nordaustsida av Fjørtoft. Den russiske geologen Larissa Dobrzhinetskaya kartla då heile denne delen av berggrunnen på øya. Slike diamantfunn i gneis er gjort berre på nokre få andre stader i verda. Forskarane spekulerer no på korleis desse ørsmå diamantane kan ha blitt danna. Til vanleg blir diamant danna langt nede i eksplosjonsrør i vulkanar og kan seinare finnast i bergarten kimberlitt eller i forvitra massar frå kimberlittstrukturar. Gneisen som dimantane vart funne i heiter granat-kyanitt-biotitt-gneis. Gneisen inneheld raude granatkrystallar og blå kyanitt. Det er ein stor forekomst i
Vågholmen. Det faktum at det finst mikrodiamantar i gneis på Fjørtoft,kan tyde på at gneisane er danna under såkalla UHP-forhold. UHP står for ultrahøgt trykk. For å finne slike forhold må bergmassen ha vore utsett for meir enn 28 kilobar trykk og temperaturar på 700 grader celcius eller meir. Coesitt er eit anna mineral som indikerer slike trykk/temperatur-forhold. Den amerikanske geologen Mike Terry, som er spesialist på berggrunnen
på Nordøyane, har funne spor etter dette mineralet i gneis og eklogitt på Fjørtoft.

Eklogitt og granatperidotitt
Forutan den kjende granat-kyanitt-biotitt-gneisen finst det to andre og særmerkte bergarter på Fjørtoft. Det er eklogitt og granatperidotitt. Eklogitten finst som store og små linser innfolda i gneismassane fleire stader på øya. Du kan starte på Vågholmen og gå langs stranda vestover mot Helvika, så vil du finne fleire førekomstar av eklogitt. På toppen avÆafjellet er det også ein stor knoll med eklogitt. Eklogitt kan vere svært vakker med raude granatkrystallar og fin, grøn pyroksen. Granatperidotitt er ein bergart som er blitt danna heilt nede i jordmantelen. Det er funne eit par lokalitetar på Fjørtoft. I den eine vart det påvist mikrodiamantar i 2005. I den same lokaliteten er det ein
forekomst av den sjeldne og vakre bergarten websteritt. Granatperidotitt finst også på Skuløy og på Otrøy. Det er ein olivinbergart som inneheld krystallar av granat og pyroksen.

Istransporterte flytteblokker
På alle Nordøyane kan du finne store og små steinblokker som heilt
tydeleg ikkje høyrer heime i den lokale berggrunnen. Dette er flytteblokker som har kome hit med isfjell ved slutten av den siste istida. Det gjekk då ein isstraum ut Oslofjorden og isfjella dreiv opp langs kysten. Det har også kome isfjell frå Danmark. Desse hadde med seg flint frå strendene på Jylland. Denne flinten vart brukt til reiskap i steinalderen. I fjøra ved Krokane på Fjørtoft ligg det store blokker av konglomerat som har kome hit med drivis ved slutten av den siste istida .