Random image

20. august 2022: Open dag Between Sky & Sea

20. august kl 14.00-18.00 er det open dag for publikum med dei internasjonale kunstnarane som kjem til Between Sky & Sea. Det blir performancar, syningar og kafé ved det store, raude naustet i Longva hamn på Skuløy. Lenkje til Facebook-hendinga Kunstnarane som deltek er: Frauke MaterlikSabine PoppTina Mariane Krogh MadsenGunnhildur HauksdóttirChuyia ChiaEsa KirkkopeltoIne HarrangMonroe Isenberg

Tilskot frå KORO

Longva Kunstnarresidens har fått tilskot til Metoder for Nordøyane frå KORO. Dei skriv: «Eit interessant prosjekt om strategier for småsteder som store byutviklingsprosesser ikke er så relevante for.»

27. september-10. oktober 2021: Talk to me (prosjektveke)

Kunstnarane Terese Longva og Roar Sletteland arbeider i naustet i uke 40 med utvikling av prosjektet Talk to me, med tilskot frå Møre og Romsdal kunstsenter. Longva og Sletteland utviklar rørlege, transparente skulpturar av tenner i glass og metall – direkte avstøpingar av tenner frå ulike menneske. Skulpturane er tenkt å vere opplyst innanfrå og… Les meir 27. september-10. oktober 2021: Talk to me (prosjektveke)

Om oss

Tre profesjonelle kunstnarar og to lokale frå Nordøyane skipa i 2020 ei forening med tanke på å lage residens i naustet. Vi blir gjerne fleire! Med frå start var kunstnarane Terese Longva, Johanna Lettmayer og Hild Borchgrevink. I 2021 kom kunstnar Sabine Popp med i Longva kunstnarresidens. Vi har nå med Stine Roald som bur… Les meir Om oss

Nordøyane

På Nordøyane finst det spor etter den kaledonske fjellkjedefaldinga som oppstod under kontinent-kollisjonen mellom Skandinavia og Nord-Amerika for ca 430 millionar år sidan.

Forprosjekt kunstnarresidens

31. mai 2021 starta Longva kunstnarresidens eit forprosjekt med tilskot frå ARENA – Norsk kulturråd si ordning for bygg og infrastruktur. Saman med Fragment arkitektar skal vi finne ut korleis eit stort naust på Skuløy kan bli til arbeidsrom og verkstadar for internasjonale kunstnarar og skribentar. I det største arbeidsrommet ser vi òg for oss… Les meir Forprosjekt kunstnarresidens