Random image

Nordøyane

På Nordøyane finst det spor etter den kaledonske fjellkjedefaldinga som oppstod under kontinent-kollisjonen mellom Skandinavia og Nord-Amerika for ca 430 millionar år sidan.

Forprosjekt kunstnarresidens

31. mai 2021 starta Longva kunstnarresidens eit forprosjekt med tilskot frå ARENA – Norsk kulturråd si ordning for bygg og infrastruktur. Saman med Fragment arkitektar skal vi finne ut korleis eit stort naust på Skuløy kan bli til arbeidsrom og verkstadar for internasjonale kunstnarar og skribentar. I det største arbeidsrommet ser vi òg for oss… Les meir Forprosjekt kunstnarresidens

Kunstfilosofibibliotek

Longva kunstnarresidens disponerer ei boksamling på omlag 500 bøker med filosofi og kunstteori. Boksamlinga er med i planlegginga av residensen, og kunstnarane som kjem, vil bli invitert til å velje ut små bibliotek i biblioteket. I forprosjektet skal vi òg finne ut korleis vi kan digitalisere samlinga.