Landskapshistorie

Siste istid på Mørekysten

Den siste istida – Würm/Weichsel – varte i om lag 100 000 år. Men dette var ikkje ein lang samanhengande kuldebolk der breen dekte heile landet. Vestkysten av Noreg og store delar av innlandet var isfrie i fleire perioder i dette tidsrommet. Nokre av desse interstadialane som dei heiter, var på mange tusen år der klimaet av og til var like mildt som det no er på Finnmarkskysten. Den yngste av desse lange isfrie periodane har fått namnet «Ålesund interstadial». Forskarane har funne avsetningar frå denne tida både i Skjonghellaren og i Hamnsundhellaren. Dette er to kjende fjellholer der det er funne avleiringar frå store delar av siste istid. Skjonghellaren ligg på vestsida av Valderøya. Grunnfjellet i opningen av hola ligg om lag 30 m.o. h. Inne i hola er det over 20 m tjukke lag med lausmassar, og golvet eit stykke inne i helleren ligg 63 m.o.h.

Skjonghellaren på Valderøy (Foto: Harald Dyrkorn)

Hellerane fortel
I Hamnsundhelleren ligg grunnfjellet i opningen 54 m.o.h, og lausmassane inne i denne helleren er 15 m tjukke. Begge hellerane har vestvende opningar, noko som gjorde dei mindre utsette for å bli endevende av isen i dei periodane breen dekte området.

I slike hellerar kan ein finne historia om siste istid gøymt i lausmassane som har samla seg opp inne i holene. Lagdelinga i lausmassane vekslar stort sett mellom lag med fin, leireliknande masse avsett i ferskvatn og grovare massar med innhald av store steinblokker og restar av dyrebein. Laga som inneheld steinblokker er danna i isfrie periodar, medan dei fine leirlaga er avsette i ferskvatn som breen demte opp inne i hola i periodar med total nedising av landskapet rundt. Kvartærgeologar og arkeologar har grave seg ned gjennom massane og studert dei ulike laga som er avsette oppå kvarandre. Frå rapportane deira kan vi lese oss til svært mykje om korleis landskapet har endra seg på Sunnmøre opp gjennom dei siste 60 000 åra.

Lagdeling i lausmasser i Skjonghellaren (Foto: Arild Sandøy)

Ålesund interstadial – ein varmeperiode i siste istid
Det viser seg at her har vore to lange periodar og ein kortare periode med isfritt land. I den nest siste perioden, Ålesund interstadial, har isen truleg lege så langt inne som i Gudbrandsdalen. Klimaet har vore om lag som på Svalbard eller i Finmark. Det er funne bein av rype i Skjonghelleren og reinsdyrbein i Hamnsundhelleren. For at rypa skal kunne greie seg, må klimaet minst ha vore såpass mildt som på Svalbard i dag. Funn av plantar frå den aktuelle tidsperioden i Barstadvik tyder også på det. Dette tidsrommet er datert til om lag 30 000 år sidan. Den førre varmeperioden (interstadialen) var for om lag 55 000 år sidan.

Istidsmenneske lenger sør – var dei i Noreg også?
Ålesund Interstadial er frå ein periode 30 000 – 28 000 år sidan då det budde Cro Magnon-menneske lenger sør i Europa. Cro Magnon-menneska er dei første kjende representantane for det moderne mennesket i Vest-Europa. Dei er mellom anna kjende for den rike kunsten dei har late etter seg, mellom anna som holemaleri i Frankrike og Spania og ei mengd små skulpturar som framstiller både dyr og menneske.

Truleg fanst det også att neandertalmenneske i same perioden. Neandertalarane høyrer til ei anna gruppe enn Cro Magnon. Dei døydde ut med siste istid. Truleg vart dei konkurrerte ut av Cro Magnon – menneska. Det er slett ikkje utenkjeleg at nokre av dei kan ha kome streifande nordover til våre kantar på jakt etter villreinen som det finst bein av både i Hamnsundhellaren og Skjonghellaren. Det finst ikkje klare prov frå dei to hellerane på at her har vore folk i Ålesund Interstadial, men som nemnt var det fullt mogleg å bu her. Her var både rein og anna vilt å leve av.

Etter varmetida Ålesund Interstadial tok slutt, for rundt 28 000 år sidan, tok isen til å vekse og trengje seg fram mot kysten att. Denne framstøyten vart rett nok avbroten av ein ny varmeperiode – Hamnsund Interstadial – som det er spor etter i Hamnsundhellaren, men som var kortvarig.