Innvandring av menneske

Landeheving og mildare klima
Etter kuldeperioden i Yngre Dryas – tida var slutt, om lag 10 000 år sidan, var istida til endes for godt, og den mellomistida vi no er inne i, Holocen, byrja. Som følgje av at istrykket på landet letna, heva landet seg kraftig, og sjøen rundt Nordøyane stod på det lågaste om lag 6 m lågare enn i dag. Dette var for ca. 9000 år sidan. Grunnen til at havnivået var såpass lågt, var at det samla isvolumet i verda framleis var langt større enn i dag, slik at det var mindre vatn i verdshava.

Menneska erobrar norskekysten
Kvartærgeologane kallar perioden 10 000 før notid til 9 000 år før notid for preboreal tid. Dette er den perioden då menneska for alvor slo seg ned langs Norskekysten og tok til å utnytte dei rike ressursane her. Frå denne tida har arkeologane funne spor etter menneske langs heile den langstrekte kysten vår. Eit steinalderfunn frå 1997 i Tennfjord er førebels datert til å vere minst 9500 år gamalt. På Baraldsneset vart det sommaren 2001 i samband med påtenkt ilandføring av gass frå «Ormen Lange» gjennomført prøvegravingar etter fortidsminne. Arkeologane fann då flintreiskap med klare kjennemerke på alder opp mot 10 000 år før notid.
Dei tusen åra mellom 9000 og 8000 år før notid har fått namnet borealtida. No kom fleire plantar og dyr til våre kantar. Skogen kom; bjørka breidde seg vidt ut, furua kom inn austanfrå og lauvtre som or og hassel kom også til Nordøyane. Klimaet betra seg og vilkåra for menneskeleg busetnad vart svært gode.

Havet stig på nytt
Etter kvart smelta mange av dei store innlandsisane i verda bort, og havet tok til å stige att. Frå det låge nivået for om lag 9000 år sidan kom havet no raskt oppover og enda med å leggje opp den store strandvollen der vegen rundt Fjørtoft går i dag. Vegen ligg stort sett på toppen av strandvollen rundt heile øya. Når havnivået går nedover, kallar kvartærgeologane det ein regresjon. Den motsette rørsla, altså når havet stig, kallar dei transgresjon. Den transgresjonen som laga strandvollen 10 m over havet på Fjørtoft har fått namnet Tapes-transgresjonen. Namnet kjem muslingen av Tapes som det var mykje av på den tida. Det er funne Tapes-musling i grøfter langs fylkesvegen på Fjørtoft. Tapes-strandvollen er den mest markerte i landskapet på øyane og fastlandet ved Fjørtoft. Vollen er mellom 1 og 2 m høg.
Fleire stader er det merke etter grunne laguner bak vollen, også på Fjørtoft har vi slike. Her har det stått vatn bak strandvollen som etter kvart fauk fullt av sand og grodde att. Til slutt blei det gjerne torvmyr oppå. Men fleire stader på sørsida av øya er det framleis eit stort søkk i terrenget innanfor vollen, og her har det opp gjennom tidene samla seg store vassdammar i den gamle laguna. Nokre stader demde dei opp og fekk dammane til å bli størst mogleg for å magasinere opp vatn til å drive bygdekverner og treskeverk med vasskraft.

I Fjørtoftneset stakk landet på denne tida berre så vidt ut av sjøen. Det som stakk opp av havet var faktisk berre eit ringatoll. Merka etter denne ringforma strandvollen kan ein i dag lett sjå i terrenget innanfor lykta i Fjørtoftneset. Her ligg det ein stor ringforma voll med til dels stor rullestein. Den sørlege delen av vollen er dekt av eit tynt jordlag med vegetasjon på. I vollen ut mot nordsida er det kasta opp nokre gravrøyser der dei har brukt rullestein frå strandvollen som materiale. Øya Orta i Harøyfjorden var også på den tida forma som eit ringatoll rundt ein lagune like etter at vollen var danna.
Det var denne tapestransgresjonen som var årsak til at den kjende steinalderbuplassen i Dysvika (8000 år før notid) på Fjørtoft i si tid vart overfløymt av havet og «nedpakka» under ein tjukk strandvoll av stein og grus heilt til gardbrukar Jon Davik grov dreneringskanal gjennom han over 7000 år etterpå.

Forholdet mellom hav og land har sidan Yngre Dryas tida for 10 300 år sidan vore svært ulikt vis på ulike stader i landet. I Trøndelag heva landet seg snøggare enn på Mørekysten, og ein fekk difor ikkje dei same kompliserte variasjonane i havnivået. Desse uklåre tilhøva mellom land og havnivå, og som framleis ikkje er heilt avklåra, gjorde det lenge svært vanskeleg for arkeologane. På Fjørtoft og Skuløy er det gjort viktige funn ( steinalderbuplassane i Dysvika på Fjørtoft og Stølen på Longva) som på avgjerande vis har hjelpt til med å løyse problema.