Haram kulturhistoriske lag

Haram kulturhistoriske lag arbeider for å fremje kulturhistorisk interesse og sikre minne og kulturhistorie i Haram for ettertida. I tillegg skal laget også stimulere til debatt om aktuelle saker og framtidsretta kultur- og miljøvernspørsmål.

Saker som HKL har arbeidd med er m.a. vern av kulturminne, som naustrekka på Ulla, minnesmerke over aktuelle hendingar og personar, foto- og dokumentsamlingar frå nyare og eldre tid, og mykje anna. Nye oppgåver kjem til.

Kvart år gir laget ut ei årbok. Alle medlemmer i laget får boka som ein del av medlemsskapet.

Medlemskapet kostar kr 350,- pr år. Vil du bli medlem, ta kontakt med leiar Atle Longva pr. epost: atl-long@online.no