• Kategoriar
  • Om oss

    Tre profesjonelle kunstnarar og to lokale frå Nordøyane skipa i 2020 ei forening med tanke på å lage residens i naustet. Vi blir gjerne fleire! Med frå start var kunstnarane Terese Longva, Johanna Lettmayer og Hild Borchgrevink. I 2021 kom kunstnar Sabine Popp med i Longva kunstnarresidens. Vi har òg med Knut Otterlei som bur… Les meir Om oss

    Forprosjekt kunstnarresidens

    31. mai 2021 starta Longva kunstnarresidens eit forprosjekt med tilskot frå ARENA – Norsk kulturråd si ordning for bygg og infrastruktur. Saman med Fragment arkitektar skal vi finne ut korleis eit stort naust på Skuløy kan bli til arbeidsrom og verkstadar for internasjonale kunstnarar og skribentar. I det største arbeidsrommet ser vi òg for oss… Les meir Forprosjekt kunstnarresidens

    Kunstfilosofibibliotek

    Longva kunstnarresidens disponerer ei boksamling på omlag 500 bøker med filosofi og kunstteori. Boksamlinga er med i planlegginga av residensen, og kunstnarane som kjem, vil bli invitert til å velje ut små bibliotek i biblioteket. I forprosjektet skal vi òg finne ut korleis vi kan digitalisere samlinga.