I løpet av forprosjektet landa Longva kunstnarresidens på å samarbeide med Fragment arkitektar. Fragment er opptekne av stadsutvikling og av korleis folk kan bu saman og samarbeide på nye måtar.
9. oktober 2021: Myldring og styremøte
Styret i Foreningen Longva kunstnarresidens jobbar i naustet med idémyldring og styremøte. Parallelt jobbar Roar Sletteland med programmering til prosjektet Talk to me.
27. september-10. oktober 2021: Talk to me (prosjektveke)
Kunstnarane Terese Longva og Roar Sletteland arbeider i naustet i uke 40 med utvikling av prosjektet Talk to me, med tilskot frå Møre og Romsdal kunstsenter. Longva og Sletteland utviklar rørlege, transparente skulpturar av tenner i glass og metall – direkte avstøpingar av tenner frå ulike menneske. Skulpturane er tenkt å vere opplyst innanfrå og… Les meir 27. september-10. oktober 2021: Talk to me (prosjektveke)
1.-3. juni 2021: Arkitektar på synfaring #1





Denne veka var arkitektar på synfaring på Longva. Dei er no overtydd om at det alltid er 20 varmegradar og ingen vind på Skuløy. Arkitektane og Longva kunstnarresidens sat saman i fleire timar i naustet med notatbøker, måleband og idear. Gjestane fekk òg sjå øya. Vi køyrde til Vikane der vi sat i vindauget i… Les meir 1.-3. juni 2021: Arkitektar på synfaring #1
31. mai 2021: Ålesund kunstfagskule kom!
Trine og Stine frå Ålesund kunstfagskule kom for å diskutere samarbeid med Longva kunstnarresidens.