• Kategoriar
  • Boklansering: Metodar for Nordøyane

    I dag slepp vi boka «Metodar for Nordøyane»! Boka adopterer og utforskar ein norsk tradisjon for lokal, offentleg samtale: samtalelag. Ein samtale med og om lokalsamfunnet på Nordøyane bind saman andre tekstar om lokale naturressursar, nyttevekstar, geologi, bøker og bibliotek, om kva ein mogleg kunstnarresidens i eit naust på Skuløy kan vere og gjere i… Les meir Boklansering: Metodar for Nordøyane

    Kunstfilosofibibliotek

    Longva kunstnarresidens disponerer ei boksamling på omlag 500 bøker med filosofi og kunstteori. Boksamlinga er med i planlegginga av residensen, og kunstnarane som kjem, vil bli invitert til å velje ut små bibliotek i biblioteket. I forprosjektet skal vi òg finne ut korleis vi kan digitalisere samlinga.