LK som hending – seminar
Den 12. og 13 august arrangerte Longva kunstnarresidens eit seminar.
– Lat oss førebels kalle det LK, vi veit enno ikkje kva namnet blir, sa styreleiar Terese Longva då ho opna seminaret. I foredraget sitt gjorde ho greie for korleis eit stort, moderne naust på Longva no er under utvikling til ein affektiv møteplass og arena for skaping av visuell kunst, samtalar og tenking. Ikkje som eit tradisjonelt stadsutviklings- eller kulturtiltak, men som ei hending – ein særeigen augneblink i ein straum av endringar i eit system, i eit vestnorsk øysamfunn som også kan forståast som øyar i verda.
– Korleis kan hendinga hende? spurde ho gjennom ei grundig drøfting av tilbliingsprosessen og dei materielle, sosiale og økonomiske vilkåra for at nett det LK no er på veg mot skal kunne bli realisert.
Harald Dyrkorn spurde i foredraget sitt Kva er ei hending, kva gjer ei hending? Hendingar skjer både i fysiske og sosiale system som er følsame for endringar i omgivnadene. Kunstnarar vil kome til LK og møte både nye omgivnader, nye menneske, nye nærleikssoner. LK er og blir ei hending om vi greier å halde denne samanstillinga av skapande krefter, relasjonar og resonansar open mot verda, mot noko anna og mot framtida, konkluderte han.









Anne Beate Hovind fortalte om hendingar i sin eigen praksis i foredraget Kunst og samfunn: motstandskraft og håp. Ho la mykje vekt på Future library, ei hundreårig lang kunsthending i Oslo som samlar inn eit hemmeleg manus frå ein ny forfattar kvart år fram til 2114. Tekstane blir oppbevarte uleste og uutgitte i eit særskilt rom på hovudbiblioteket Deichman Bjørvika. Først i år 2114 vil ein skog som vart planta i Nordmarka i 2014 blig hoggen for å gje papir til å trykke bøkene. Fleire gonger i løpet av seminaret understreka Anne Beate Hovind kor viktig der er å opne seg mot noko anna.
Statsstipendiat og filosof Hans Kolstad tala om Kunsten i møte med naturen i eit forvitneleg foredrag som både handla om erkjenningsteori og kunstfilosofi. Kolstad framstilte erkjenning som ein meiningskapande prosess der meining oppstår undervegs som ei mellombels lukking før prosessen opnar seg att mot ei ny gjennomstrøyming med lukking og opning. Han drøfta også kva som er det særeigne ved den kunstnariske skapinga. Skaping skjer også i naturen, og naturen sine formgjevande krefter verkar direkte på det skapande i mennesket. Også i sjølve kunstverket held skapinga fram. Kolstad framheldt at vi både i erkjenning og gjennom kunsnerisk skaping må tenke i tid, men då i tid som varigheit (durèe) slik filosofen Bergson gjer greie for som ein udeleleg, flytande straum. Future Library blir i lys av dette eit døme på Bergsons tidsfilosofi i praksis. Verket finst no som ein levande udeleleg prosess – ei hending – som utviklar seg over hundre år. Seminaret munna ut i ein lang samtale der det å opne seg mot noko anna med håp og motstandskraft og i tid vart utforska gjennom fleire innlegg. Terese Longva stilte også spørsmål om ein kan sjå LK som eit kunstverk.
Her kan du lese Harald Dyrkorns tekst som danner bakgrunn for seminaret: Ei hending
Longva kunstnarresidens takkar Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturrådet for støtta.
assistanse og organisering under seminaret:
Stine Roald, Sabine Popp, Veronica Norvoll Longva og Lillian Bjørdal