Ei hending
av Harald Dyrkorn
Når eit moderne naust på ei øy langs kysten av Nordvestlandet, blir forvandla til eit kunstsenter/kunstnarresidens – ein stad for visuell kunst, samtalar og tenking – er det lett å sjå det som eit arkitektonisk eller kulturelt prosjekt. Men det som skjer her, er noko meir enn ein stadutviklingsprosess eller ei endring av funksjonen til bygnigen. Det kan med fordel forståast som ei hending i deleuziansk forstand: eit brot, ei rørsle, ei forskyving i rom, tid og sansing som opnar for nye former for liv og erfaring. Deleuze bruker omgrepet hending (engelsk: event) om særeigne augneblink i ein straum av endringar i eit system. Gilbert Simondons metastabilt felt passar kan hende også, men lat eg no halde meg til hendinga.
Longva kunstnarresidens (LK) fungerer som ein slags fald i landskapet og i kulturen: ei materiell ovring som ikkje berre inneheld kunst, men som sjølv vert ein del av den kunstnariske prosessen. Dei store vindauga som opnar seg mot havet og omgivnadene er ikkje berre arkitektoniske grep – dei opnar for ei anna erfaring av landskapet, av lyset, av veret. Her vert omverda ikkje berre ei kulisse, men ein aktiv medspelar i sansinga og tenkinga. Eg kjem alltid attende til dei arkitektoniske grepa som var gjorde på Marinevarven i Kungälv då Nordens folkliga akademi tok inn der for å bruke det til skrivarstover og seminarrom. Eg skjønte ikkje der og då kva det var eg stod andsynes, men berre kjente at her har det hendt noko som verkar sterkt på meg. Dette var lenge før eg byrja å lese Deleuze, men opplevingar av det andre, noko anna av ein annan orden var eg kjenslevar for.
Korleis «definerer» Deleuze hendinga i filosofien sin? Der er ingen klår, samlande definisjon. Ein må leite etter eit utvikling gjennom fleire tekstar hos Deleuze og Deleuze og Guattari.
1. Det står noko om dette i Logic of Sense. Der er ei hending knytt til språket og meining, som noko som skjer på overflata av kroppar og uttrykk. Dette er det første tydelege steget Deleuze gjer på sjølvstendig vis for framheve hendinga.
2. I boka «A Thousand Plateaus», som Deleuze skreiv saman med Felix Guattari, skjer det ei utvikling, og hendinga blir direkte knytt til det affektive, det kroppslege og det produktive. I dette perspektivet er hendinga også tenkt som ein intensitet. No er det ikkje lenger snakk om utsagn og meining, men om rørsler i natur, kultur og kroppar. Forvandlinga av naustet er ikkje berre ein overgang frå eitt bruksområde til eit anna, men ei opning av eit nytt rom for potensialitet, eit rom der gamle funksjonar vert oppløyste, og nye affektive koplingar kan finne stad. Lk er ikkje utanfor eller over verda som ei meining, men i verda, i rørsla, i det affektive feltet.
3. Så litt om hendinga i boka What is Philosophy. Eg siterer her her frå den svenske utgåva «Vad är filosofi?» (s. 185):
Händelsen er den del i allt som undandrar sig det egna aktualiserandet. Händelsen er ingalunda i sakförhållandet, den aktualiseras i ett saksförhållande, i en kropp, i en upplevelse, men den har en hemlig del som ligger i skugga, som uopphörligen subtraheras från eller adderas til sin aktualisering: till skillnad från sakförhållandet varken börjar eller slutar händelsen [. . .] Den är det virtuella som är skilt från det aktuella, men ett virtuelt som inte längre er kaotiskt, som har blivit konsistent eller reellt på et immanenspplan som sliter loss det från kaos.
No blir hendinga eit filosofisk omgrep slik Deleuze og Guattari forstod omgrep. Eg går ikkje vidare inn på det her, berre slår fast at vi snakkar om omgrep som fangar rørsler og singularitetar i tenkinga. Nedanfor kjem litt om to omgrep frå Deleuze og Guattari med tydeleg relevans til hendinga LK.
Deterritorialisering og reterritorialisering
Hos Deleuze og Guattari finn vi omgrepa deterritorialisering og reterritorialisering. Desse er avleiingar av territorialisering. Bygningen til LK, naustet, er djupt territorialisert – i eit område der det har vore eit fleire hundre år gamalt system som har med kollektiv båtbruk og kystøkonomi å gjere. Når dette rommet (bygningen) no blir teken ut av sin opphavlege kontekst, blir det deterritorialisert. Vanlege døme på deterritorialisering kan vere bygningar og andre strukturar som i og for seg ser moderne ut, men som har blitt avlegs, blitt samtidsruinar, som Marit Eikemo kallar det. Men det aktuelle naustet blir ikkje ståande i slik stagnasjon – det blir reterritorialisert i ei ny retning: ikkje som eit lukka system, men som eit affektivt maskineri, ope for uventa verknader og opna for kunst og samtale.
LK vil ikkje fungere som eit passivt visingsrom, men som ein generator for nye koplingar: mellom menneske, mellom sansingar, mellom kunstverk og omgjevnader. Det er ei maskinisk samanstilling – der både materielle og immaterielle element speler saman: arkitektur, landskap, kunst, språk, samtale, kropp.
Eit anna sentralt omgrep hos Deleuze er tilbliing (fr: devenir, eng.: becoming). Der den tradisjonelle metafysikken opererer med essensar og identitetar, søkjer Deleuze prosessar og transformasjonar: LK er ikkje ein ferdig struktur med fast definisjon – det er noko som er i ferd med å bli til: ein stad i tilbliing, eit rom der både relasjonar mellom menneske og tankar kan endre form. Det er ikkje ein institusjon, men ei hending som stendig utspelar seg.
Det som skjer her, skjer ikkje berre ein gong. Det er ei varig hending– ein serie av brot og forskyvingar som forandrar både staden, menneska, samtalane og kunsten som blir ein del av det.
Å sjå etableringa av LK som ei deleuziansk hending er å sjå det som noko radikalt anna enn stadsutviking og kulturinitiativ. Det er å forstå det som ei ny samansetting av livsformer, ein ny måte å sanse og vere på. Her blir ikkje kunsten presentert som objekt, men som vektor – ei kraft med retning som verkar gjennom rom, tid og sansing. Og LK sjølv blir ikkje berre ein bygning, men eit metastabilt felt av potensialitet (Simondon), der noko alltid kan skje, noko nytt kan oppstå – i møte mellom menneske, hav, lys og tanke.