Om oss
Longva kunstnarresidens (LK) er ein residens/kunstarena i utvikling, der sosiale og arkitektoniske prosessar skal påverke og forme kvarandre. Eit stort båtnaust frå 2009 skal byggast om til sosiale- og arbeidsrom med ulike formål. Vi jobbar med å skape ein tverrfagleg, internasjonal kunstarena med moglegheit for arbeidsopphold for profesjonelle kunstnarar, kuratorar, skribentar og andre med eit aktivt forhold til samtidskunstfeltet. Vi ser for oss ei plattform for kunstnarisk og tverrfagleg dialog, som kan styrke den kunstfaglege infrastrukturen og kompetansen i regionen, freiste eit profesjonelt nasjonalt og internasjonalt miljø til å komme for arbeidsopphold til Nordøyane, og dermed få sjølv, og tilføre regionen nye impulsar. Vi strever etter ein fagleg sterk profil og samtidig ei god lokal forankring – vi håper å kunne bety noko i samfunnet.
Longva kunstnarresidens blei grunnlagt på ein gard på Skuløy/Flemsøy i Møre og Romsdal i februar 2020. Tre kunstnarar og to lokale personar frå øya var involverte. Som prosjekt er det eit kunstnarinitiert tiltak, drive fram gjennom den kunstnariske praksisen og interessene til dei involverte. LK er organisert som ei foreining med eit styre av kunstnarar og lokale personar med ulik kompetanse. Styret består av kunstnarane Terese Longva, Hild Borchgrevink og Sabine Popp, sammen med Stine Roald som bur på Valderøya, og rekneskapsførar Veronica Norvoll Longva som bur på naboøya Haramsøy. Kunstnaren Lillian Karin Bjørdal frå Ålesund er vara. Vi blir gjerne fleire!
Tida har gått sidan grunnlegginga i 2020, med skiftande dialog- og samarbeidspartnarar gjennom ulike prosjekt. Nokon har flytta frå Norge, andre blitt oppslukt av andre oppgåver og nokon har kome til. Det er Terese Longva og Sabine Popp som for augneblinken hovudsakeleg står bak utviklinga av Longva kunstnarresidens med utgangspunkt i kvar sin individuelle kunstpraksis. Terese har tatt over garden, og bygningar endrast for bruk på nye måtar.
Vi har ei fellesinteresse for tverrfagleg arbeid, prosjekt i offentlege rom eller med klare samfunnsreferansar. Mykje av vår praksis har vore prega av samarbeid, og er sterkt påverka av eller samanfletta med pedagogiske aktivitetar på ulike nivå. Ved styret har vi band innan visuell, performativ og scenekunst, i det eksperimentelle musikkfeltet og innan skriving. I tillegg har vi vore involverte i tverrfaglege dialogar som f.eks. innan sosialantropologi, filosofi, geologi eller marinbiologi.
Visjonen er at naustet skal fungere som eit eksperimentelt rom og vere ein levande organisme og modell for ei felles framtid. Filosofien er å utvikle gradvis gjennom praksis og i eit langsiktig, undersøkande perspektiv. Kvart tiltak skal tiltrekke seg nye støttespelarar og styrke beståande relasjonar. Kollektive læringsprosessar gjennom samarbeid, workshops og undervisning er essensielt. Samanfletting av teori og praksis spelar ei stor rolle, og vi gler oss til at samlinga av ca.700 bøker skal på eit tidspunkt få ein eigen plass i naustet.
Aktivitetar for å drive utviklinga har for eksempel vore Metodar for Nordøyane, med ein publikasjon utgitt ved Fragment i Oslo som resultat, og performancefestivalen Mellom himmel & hav/ Between Sky & Sea i samarbeid med Performance Art Bergen. Fragment er også arkitektkontoret som teikna og utarbeida byggesøknader for oss. Grunnlaget er skapt for vidare arbeid med, utprøving av og diskusjonar rundt bruken av einskildromma i ein større heilskap og med ulike gjestar fra forskjellig bakgrunn. Vi er til dømes også ein av satellittane til Ytre kunstfagskule i Ålesund med tilbod om et kurs for studentar.
Litt om dei involverte kunstnarane:
Terese Longva flytta i 2017 tilbake til Skuløya/Flemsøy, der ho vaks opp. I 2020 vart Longva kunstresidens (LK) etablert. LK utvikla seg frå å vere ei forlenging av kunstnarpraksisen hennar til eit kunstprosjekt i seg sjølv. Prosjektet samspelar med lokalsamfunnet, regionale aktørar, det offentlege og private og fagfeltet nasjonalt og internasjonalt. Samnemnar er tilkopling, kontekst, omgjevnader og transmisjon av affekt. Framandgjering, einsemd og temperaturen i verda har gjort det klart at behovet for å bygge nye fellesskap og møteplassar er prekært.
Ho er utdanna ved Glasskolan i Kosta i Sverige, New York State College of Ceramics ved Alfred University (BFA) i USA og Kunst- og designhøgskulen i Bergen (MA).
Hild Borchgrevink er kunstnar og musikkvitar frå Oslo. Sidan 2019 har ho hatt fleire arbeidsopphold i Møre og Romsdal. Før ho studerte kunst, jobba ho mellom anna i samtidsmusikkfestival og som redaktør. Ho har ein master i kunst og offentlege rom frå Kunsthøgskolen i Oslo, og dei siste åra har ho laga fleire installasjonar med og i norske folkebibliotek, om korleis ideane våre om kunnskap og språk endrar seg over tid. I 2020 fekk ho prosjektstipend frå Møre og Romsdal kunstsenter til eit prosjekt på Longva. Kunstnarresidensen blei ein del av arbeidet og løp parallelt med utviklinga av ein installasjon. For tida er ho òg stipendiat på Musikkhøgskolen og medkurator for KORO-prosjektet STUDIO ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) i Bergen saman med Merete Røstad.
Sabine Popp er en relasjonell kunstarbeider med base i Bergen. Hun er utdannet pottemaker fra Tyskland, og innen billedkunst fra Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (KhiB, keramikk), med studier ved Faculdad de Belles Artes (skulptur) i Barcelona og ved Glasgow School of Arts (Environmental Art Department). Hun var høgskolelektor ved KhiB før hun ble stipendiat i det Norske programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Hennes doktorgradsprosjekt Agential Matter (Invisible Landscapes) ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB (2016-21) var en kunstnerisk undersøkelse av tareskog som en økologi av et utvidet mentalt, sosialt og fysisk felleskap. Skogene brakte Sabine til Nordøyane. Idéen om «Menneskets stoffskifte med naturen» adresseres gjennom kamera, fysiske prosesser og sosiale rom. Inntak av mat spiller en like så stor rolle som spørsmålet om hvordan vi samhandler med mer-enn-menneskelige vesen og parametre i arbeid og hverdagslige gjøremål – i en sameksistens mellom utnyttelse og omsorg. Sabine har erfaring med kunstnerstyrte initiativer fra bl.a. Bergen Ateliergruppe hvor hun har vært medlem siden 2014.
Lillian Karin Bjørdal er kunstnar, men også adjunkt med tillegg i Kunst og handverk frå Høgskulen i Volda og NTNU, og har arbeidd som lærar frå 1997-2024. Lillian Karin har kunstutdanning frå Ytre Kunstfagskole, og verkstad på Sjøholt i Ålesund. Gjennom kurset Stad, minne og visuell kunst med Terese Longva og Sabine Popp som lærarar starta kunstnaren si leiting i temaet rundt lobotomiens historie. Lillian Karin nyttar pinnestolar for å fortelje om liva til dei som vart lobotomerte, og familiene rundt. Ved å endre form og overflate på stolane set ho lys på område ho meiner det blir, eller har vorte gjort urett.
Våren 2025 deltok ho på gruppeutstillinga Tause stemmer ved Volda og Ørsta Kunstlag med fleire skulpturar og installasjonar. I juli hadde kunstnaren den performative utprøvinga Snitt, ei forteljing om statleg dehumanisering på Mottaket i Ålesund. Då saga ho 19 pinnestolar i 2500 små bitar for å synlegjere talet på lobotomerte i Noreg.
Lillian Karin kjem frå Bjørdalen i Ørsta, og bur på Åse i Ålesund.
kontakt:
Longva kunstnarresidens
Øvstevegen 116
6293 Longva
(naustet ligger i forlengelse av tomten, som kuttes av to bilveier, helt nede ved sjøen)
ved spørsmål send epost til:
longvakunst@nordoyane.no