Boklansering: Metodar for Nordøyane

Event Longva kunstnarresidens Metodar Nordøyane

I dag slepp vi boka «Metodar for Nordøyane»!

Boka adopterer og utforskar ein norsk tradisjon for lokal, offentleg samtale: samtalelag. Ein samtale med og om lokalsamfunnet på Nordøyane bind saman andre tekstar om lokale naturressursar, nyttevekstar, geologi, bøker og bibliotek, om kva ein mogleg kunstnarresidens i eit naust på Skuløy kan vere og gjere i framtida, og om samtalar som metode for å utvikle ein stad.

Vi som snakkar og skriv er Arild Eriksen, Sabine Popp, Terese Longva, Harald Dyrkorn, Hild Borchgrevink og sju fastbuande (i tillegg til Terese) på Nordøyane.

Boka er designa av Part og er laga med tilskot frå lokalsamfunnsordninga i KORO. Boka er del av ein serie publikasjonar frå Fragment arkitektkontor.