Metodar for Nordøyane: Terese #5

Longva kunstnarresidens Metodar for Nordøyane Nordøyane Petter Dyrkorn-samlinga
Dei to store gule steinane er peridotitt. Den som er falda, kjem frå ein ultrahøgtrykks bergstruktur på Fjørtofta. Den vesle runde er granatperidotitt frå nordsida av Skuløya. Objekta i den vesle øskja er fossile blekksprutar (belemnitt) frå Jura-tida Dei er funne i Janusdalen på Svalbard. 

Samfunnsvitar Harald Dyrkorn, og Terese Longva har samarbeidd om kunst, landskap, geologi og filosofi sidan 2012. Metoden vår er først og fremst samtalen – saman og med andre. 

Utgangspunktet for dette prosjektet er Petter Dyrkorn-samlinga på Fjørtofta. Samlinga inneheld objekt som mineral- og bergartsprøver og artefaktar frå eldre steinalder til langt opp mot notid. Her kan ein lære om landskapet og menneska på Nordøyane og verda. «Kom her skal du sjå» sa amatørgeologen, -antropologen, -arkeologen og -kunstnaren Petter Dyrkorn (1921 – 2006) når han inviterte folk med inn i verda og samtida si, som gjekk millionar av år tilbake i tid. Petter Dyrkorn studerte geologi og arkeologi på eiga hand og etterlet seg ei omfattande samling som no er organisert som eit privat museum i Otterlei gamle skule. Det unike med samlinga er at ein kan plukke opp, ta på og leike med objekta som har millionar av år i seg. Dei er tunge av tid.  

Harald er son til Petter og styreleiar for samlinga. Vi har i mange høve brukt Petter Dyrkorn-samlinga til inspirasjon og teke med oss kunstnarar og studentar dit. I dette prosjektet har vi valt ut nokre einskilde objekt som vi vil jobbe vidare med. Desse er peridotitt, ultrahøgtrykks bergstruktur, granatperidotitt og fossile blekksprutar. 

Grunnen til at vi vil jobbe djupare og vidare med enkelte av objekta og artefaktar er at dei ikkje berre er referensielle – det vil seie fortel oss om ein svunnen historisk prosess eller tid. I tillegg til å vere materielle manifestasjonar av geologiske prosessar og førhistoriske menneskesamfunn har dei ein aktiverande verknad i kraft av det vi vil kalle performativ materialitet. Omgrepet performativ materialitet prøver å fange det som sjølve objekta gjer med oss utover det at vi får sjå dei og blir tilført kunnskap om kva dei refererer til. Dei er performative ytringar som ikkje berre gjer greie for noko, men aktiverer oss i møtet med dei. 

Dei verkar affektivt på oss. Då er det snakk om ein presubjektiv og pre-emosjonell verknad som skaper ein problematikk og set i gang ein kreativ prosess der også minne blir kopla inn og aktualiserte i ein ny samanheng. Her støttar vi oss på omgrepet event hos Gilles Deleuze. Ein event i denne samanheng er ei hending som ikkje er føreåtbestemt av ein serie lineære årsaker i forkant og heller ikkje berre av det som skjer her og no. Ein event set i gong noko nytt, ein open prosess med ein eigen temporalitet. Tid er eit sentralt element i prosjektet. Vi støtter oss på filosofien til Henri Bergson som var opptatt av tid og minne som varigheit, som noko som ikkje kan delast opp og teljast, slik som til dømes klokketid, i motsetnad til korleis samfunnet vårt i dag fungerer og er styrt etter. 

I samlinga finn vi mellom anna bergarten granatperidotitt. Denne fortel oss at i landskapet vårt er der restar etter det som for 435 millionar år sidan var ei fjellrekke på høgde med Himalaya, og som vart danna i ein kollisjon mellom to kontinent som då låg sør for ekvator. I planetens temporalitet er denne hendinga berre ein augneblink, men i vårt tidsperspektiv er det ei æve. Kan desse objekta og prosessane bak dei likevel kunne seiast å vere ein del av vår eiga samtid? I så fall, kva for konsekvensar fører det med seg? Kva kan samtid kan vere? Korleis er objekta knytte opp mot utviklinga av livet?