Desember 2021: Samarbeid med Fragment arkitektar
I løpet av forprosjektet landa Longva kunstnarresidens på å samarbeide med Fragment arkitektar. Fragment er opptekne av stadsutvikling og av korleis folk kan bu saman og samarbeide på nye måtar. I eit anna prosjekt arbeidar dei med å utvikle kombinerte boliger og arbeidsrom for kunstnarar. Saman med Fragment har vi fått tilskot frå KORO til prosjektet Metoder for Nordøyane, og fram mot juni 2022 utvikla vi hovudsøknad til ARENA, Norsk kulturråd si ordning for bygg og infrastruktur.