27. september-10. oktober 2021: Talk to me (prosjektveke)
Kunstnarane Terese Longva og Roar Sletteland arbeider i naustet i uke 40 med utvikling av prosjektet Talk to me, med tilskot frå Møre og Romsdal kunstsenter.
Longva og Sletteland utviklar rørlege, transparente skulpturar av tenner i glass og metall – direkte avstøpingar av tenner frå ulike menneske. Skulpturane er tenkt å vere opplyst innanfrå og skal stillast ut i grupper i eit mørkt utstillingsrom. Når nokon kjem inn i rommet skal kjevane byrje å røre på seg i varierande tempo og intensitet og i ulike rytmiske mønstre. Lyden som oppstår – en klaprende eller gnissende lyd – vil bli forsterka i høyttalarar plassert langs veggene.
Roar Sletteland er produsent og aktivist i samtidskunstfeltet og jobbar særleg med musikk, scenekunst og lydkunst. Han arrangerer konsertar og lagar elektronikk for lyd, robotikk og instrument. Sletteland er aktiv i nyMusikk Bergen, Borealis, Avgarde og Lydgalleriet. Mellom 2003 og 2007 leda han BEK – Bergen senter for elektronisk kunst. I 2012 grunnla han Ursus produksjoner med Sigurd Fischer Olsen og Lena Buchacz.
Terese Longva er kunstnar med base på Skuløy i Møre og Romsdal.
I arbeida sine utforskar ho sosial subjektivitet, samspel mellom menneske og stad og samspel i sosiale nettverk. Longva er utdanna ved New York State College of Ceramics på Alfred University (BFA med filosofi og kunsthistorie) og har ein MFA frå Kunsthøgskolen i Bergen.