Om oss

Longva kunstnarresidens

I dag er vi tre profesjonelle kunstnarar og to lokale frå Nordøyane som har skipa ei forening med tanke på å lage residens i naustet. Vi blir gjerne fleire!

Kunstnarane er Terese Longva, Johanna Lettmayer og Hild Borchgrevink. I tillegg har vi med Knut Otterlei som bur på Skuløy/Flemsøy og rekneskapsførar Veronica Norvoll Longva som bur på naboøya Haramsøy.

Her er førebels litt om kunstnarane:

Terese Longva er kunstnar, utdanna ved Glasskolan i Kosta, New York State College of Ceramics ved Alfred University (BFA) og Kunst- og designhøgskulen i Bergen (MA). I 2017 flytta ho heim frå USA og Bergen til Skuløy/Flemsøy og driv nå kunstpraksisen sin på øya. Ho har bakgrunn som glassblåsar, men arbeider no meir med performance og video, ofte i landskap og med folk på Nordøyane. Ho er tilknytta Kunstfagskulen i Ålesund som lærar og har utvikla kurset Tid, stad minne der studentane jobbar ute i landskap på Nordøyane i fleire veker kvar haust. I 2020 hadde ho ein performance med på Høstutstillinga, og i 2021 har ho eit verk med i opningsutstillinga «Jeg kaller det kunst» på Nasjonalmuseet. Terese Longva er oppvokst på garden der naustet står.

Hild Borchgrevink er kunstnar og musikkvitar frå Oslo. Sidan 2019 har ho hatt fleire arbeidsopphold i Møre og Romsdal. Før ho studerte kunst, jobba ho blant anna i samtidsmusikkfestival og som redaktør. Ho har ein master i kunst og offentlege rom frå Kunsthøgskolen i Oslo, og dei siste åra har ho laga fleire installasjonar med og i norske folkebibliotek, om korleis ideane våre om kunnskap og språk endrar seg over tid. I 2020 fekk ho prosjektstipend frå Møre og Romsdal kunstsenter til eit prosjekt på Longva. Kunstnarresidensen er blitt en del av dette arbeidet og løper parallelt med utviklinga av ein installasjon. For tida er ho òg stipendiat på Musikkhøgskolen.

Johanna Lettmayer er kunstnar, utdanna i Wien og på Kunsthøgskulen i Bergen, der hun òg underviste 2018-2019. I 2019 inviterte ho Hild til å snakke om bibliotekprosjekt i kunstbiblioteket som står i huset Terese bur i på Longva, og det vart starten på Longva kunstnarresidens. Sidan foreninga vart etablert, har Lettmayer flytta heim til Østerrike. Der driv ho og familien ein kunstnarresidens eit stykke utanfor Wien, som Longva kunstnarresidens planlegg å samarbeide med på sikt.