Gartnerfuglen på Longva 1.-3. juni 2021

Gartnerfuglen arkitekter

Longva kunstnarresidens

Då Longva kunstnarresidens skulle finne arkitekt til forprosjektet, kom vi over eit intervju med Gartnerfuglen arkitekter. Dei har laga fleire bygg og strukturar som liknar båtnaustet i skala. Vi likte korleis bygga deira har tydeleg identitet og snakkar med landskapet samstundes. Sjå f.eks. denne hytta. Heldigvis ville dei lage forprosjekt med oss!

Hos Gartnerfuglen jobbar arkitektane Astrid Wang, Olav Lunde Arneberg, Ole Larsen og Ingeborg Svalheim. På biletet er Astrid og Ole på veg til Skuløy.

Gartnerfuglen arkitekter vart skipa i 2012. Gartnerfuglen er ein fugl som lever på Papua Ny-Guinea. Han samlar fargerike ting som kan verke verdilause og set dei saman på nytt, for å imponere damene. På same vis vil Gartnerfuglen forstå og foredle små og tilsynelatande ubetydelege ting og spørsmål som oppstår når dei skapar arkitektur. Arkitektane underviser mellom anna på AHO i Oslo, og i 2020 vann dei Oslo Arkitektforening sin arkitekturpris for boligen Ungen på Sagene i same by.