Forprosjekt kunstnarresidens

Longva kunstnarresidens

31. mai 2021 starta Longva kunstnarresidens eit forprosjekt med tilskudd frå ARENA – Norsk kulturråd si ordning for bygg og infrastruktur. Saman med Gartnerfuglen arkitekter skal vi finne ut korleis eit stort naust på Skuløy kan bli til arbeidsrom og verkstadar for internasjonale kunstnarar og skribentar. I det største arbeidsrommet ser vi òg for oss å ha visningar, samtaler og arrangement.

Vi har som mål å få til fleire typar arbeidsrom, slik at kunstnarar som arbeider materialbasert, med performance, med video, lyd, tekst og teori kan vere på residens samstundes og lære av kvarandre.

Vi vil òg at kunstnarane som kjem, skal bli kjent med folk, landskap og historia på Nordøyane, og vi vil ha dei som bur på øyane, med i byggeprosessen.