1.-3. juni 2021: Arkitektar på synfaring

Event Longva kunstnarresidens

Denne veka var Astrid og Ole frå Gartnerfuglen arkitekter på Longva for første gong. Dei er no overtydd om at det alltid er 20 varmegradar og ingen vind på Skuløy. Arkitektane og Longva kunstnarresidens sat saman i fleire timar i naustet med notatbøker, måleband og idear. Gjestane fekk òg sjå øya. Vi køyrde til Vikane der Ole fekk helse på nokre kyr og sitje i vindauget i den gamle møbelfabrikken, før vi sjekka ut fyret på Ulla.